God start for mor og barn
God start-eininga ved Nordfjord sjukehus er eit trygt og godt tilbod for barselkvinner og nyfødde som ikkje har behov for medisinsk oppfølging. Det er gynekolog eller barnelege ved fødestaden som vurderer når mor og barn kan flyttast til Nordfjord sjukehus for barselopphald. Tilbodet omfattar alle kvinner frå kommunane i Nordfjord og det er døgnkontinuerleg vaktberedskap med følgjeteneste for fødande kvinner som har trong for det.
Sist endra 27.09.2023 10.27