Gratis HPV-vaksine til unge kvinner

Er du jente fødd i 1991 eller seinare? No hastar det om du vil ha gratis HPV-vaksine, snart går fristen ut for å ta den første av tre vaksinedosar.
 

Kvinner fødde i 1991 (eller seinare) har tilbod om gratis HPV-vaksine. HPV-infeksjonar kan føre til utvikling av kreft. Vaksinasjon må starte seinast i desember 2018 og den siste av dei tre dosane må vere tekne innan 1. juli 2019 for å få vaksinen gratis.

Ønsker du vaksine mot HPV (Humant papillomavirus)? Ta kontakt med Stryn helsestasjon for timebestilling tlf: 57 87 69 99.

Meir informasjon om Humant papillomavirus (HPV)

Informasjonsfilm frå Folkehelseinstituttet om HVP