Gult nivå i skule barnehage og vaksenopplæring i Stryn kommune

Gult nivå i barnehagar, skular og vaksenopplæring. Det overordna med gult nivå er at born og tilsette har eit avgrensa tal kontakter og held oversikt over desse. Gult nivå gjeld frå måndag 17. januar og i første omgang fram til 21. januar.

Folkehelseinstituttet forventar at smitten vil auke i vekene framover. Viruset vil gje mindre alvorleg sjukdom, men dette vil likevel føre til at tilsette vil bli borte frå jobb. Vi har ikkje full oversikt kva konsekvensar ei slik smittebølgje vil ha for kommunen, næringslivet og samfunnet elles.

Det er viktig å oppretthalde forsvarleg drift i alle ledd i kommune og næringsliv.  Vi vil framleis følgje utviklinga i smittesituasjonen, råd og pålegg frå regjeringa, helsedirektoratet og FHI og justere tiltaka i tråd med utviklinga. Kommunen har beredskap for å justere til tiltaksnivået.

 

Koronasituasjonen Regjeringa gjer endring i nasjonale tiltak