Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020, kommunestyret sitt vedtak
Det er lovfesta at kommunane skal ha ein økonomiplan som viser korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale og regionale planar skal følgast opp. Økonomiplanen skal vise prioriteringar og løyvingar, og dei mål og vilkår som økonomiplanen er bygd på.
Kommunestyret handsama sak om Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020 den 19. desember 2019. Det som er presentert her er kommunestyret sitt vedtak.
Det er gjort ei vurdering av rammevilkåra som:
• Skatt og rammetilskot
• Renter/ avdrag
• Avgifter
• Eigedomsskatt
• Endringsbehov i tenesteområda
Her kan du sjå kva økonomisk handlingsrom kommunen har i åra framover og kva prioriteringar og utfordringar vi har.
Stryn kommune er glade for at budsjett og økonomiplanen no er meir tilgjengeleg for innbyggjarar, politikarar og andre interesserte. Frå og med budsjettåret 2020 gjekk vi over til å nytte Framsikt som verktøy til Handlingsdel med økonomiplan og budsjett, samt rapportering til kommunestyret.
For folkevalde inneber dette ein ny måte å orientere seg i budsjettet på. Budsjettet og økonomiplanen vert no presentert i ei web-løysing, der ein kan gå inn på dei ulike delane av budsjettet, og gå vidare inn i dei ulike rammeområda. Sjølv om budsjettet no vil innehalde meir detaljinformasjon på einingsnivå, er det viktig å hugse at dei politiske vedtaka vert gjort på rammenivå.
Handlings- og økonomiplan 2020-2023/ Budsjett 2020 (PDF, 7 MB)
Sist endra 28.12.2021 14.48