Håpar på reint drikkevatn fredag

Kokepåbodet av drikkevatnet i Stryn sentrum skuldast ein vasslekkasje i Grandevegen. - Vi fekk stoppa lekkasjen raskt, men hugs at vatnet ikkje kan drikkast før ny melding er gitt. Vi forventar to reine drikkevassprøver og oppheving av kokepåbodet tidleg på dagen i morgon fredag 15. oktober, seier kommunalsjef Geirmund Dvergsdal.

Klikk for stort bileteKokepåbod for Vik, Hool, Visnes, Hogane, Stryn sentrum og opp til Rise.