Har du forslag til kandidat til Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend?

Stryn kommune ønskjer forslag til kandidatar som fortener Kulturprisen eller Ungdommens kulturstipend for 2020.

Framlegga skal sendast skriftleg med grunngjeving til postmottak@stryn.kommune.no

Frist for å sende inn forslag: 15. oktober.

 

Kulturprisen 2020

Stryn kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Føremålet med prisen er å stimulere lokalt kulturarbeid, samt at prisen skal vere ein heider og takk til ein person, organisasjon/ lag som gjer, eller har gjort, ein stor innsats på fritida for kulturarbeidet i Stryn kommune.

Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar som:

• Er busett i Stryn kommune eller har nær tilknyting til kommunen

• Viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege

• Har talent, viser kreativitet og evne til kulturell nyskaping

 

Ungdommens kulturstipend 2020

Stryn kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til ein ungdom frå kommunen som har synt at ho/ han fortener karakteristikken lovande innan kulturfeltet.

• Kulturstipendet kan tildelast ein talentfull ungdom i utvikling. Talentet bør sjåast i høve til nasjonalt, ev. internasjonalt nivå innafor det utvida kulturomgrepet.

• Kandidaten må vere busett i Stryn kommune eller ha ei nær tilknyting til kommunen.

Kulturstipendet skal vere stimulerande og motiverande til vidare satsing og utvikling av talentet til den som får det.