Har du hogge skog i det siste?

… då pliktar du å gjere tiltak for å få opp ny skog på arealet (forynge). Dette kan du gjere anten ved å plante, så eller forynge arealet naturleg. Hogstmetode og foryngingsmetode heng saman og i Stryn kommune er flatehogst av gran, med påfylgjande planting av granplanter, den mest vanlege metoden.

Kvar haust gjennomfører landbruksdirektoratet, gjennom fylkesmannen og kommunen, foryngingskontroll. I svara vi får i samband med foryngingskontrollen, har vi dei siste åra sett ein auke i bruk av metoden naturleg forynging etter hogst. Naturleg forynging er ein krevjande foryngingsmetode som krev god planlegging allereie før hogsten vert gjennomført – det er altså i prinsippet ikkje ein metode ein kan bestemme seg for i etterkant av hogsten. Vil du satse på naturleg forynging, betyr det at du ved hogst må legge til rette for at ny skog kan etablerast ved hjelp av frø frå gjensette, stormsterke tre og kantar mot eldre skog.

Felt som er avvirka med vanleg flatehogst er normalt ikkje eigna til naturleg forynging, då dei er for store. Anna vegetasjon, som bjørk, etablerer seg imidlertid raskt på slike opne flater, men då som regel også saman med anna konkurrerande og uønskt vegetasjon. Etablering av naturleg forynging krev planlegging og god kunnskap om dei naturgjevne tilhøva. Det kan vere eit rimeleg foryngingsalternativ, men det betyr ofte at du må vente lenger på å få opp ny skog enn dersom du hadde planta. Foryngingsfeltet krev også oppfylging av deg som skogeigar. Feltet må jamnleg ryddast for konkurrerande vegetasjon, og småplantar er utsette for klimatiske tilhøve som frost, tørke og angrep frå dyr, insekt og sopp. I enkelte tilfelle kan det også vere behov for å suppleringsplante.

Den andre foryngingsmetoden som i fylgje foryngingskontrollen også i aukande grad vert nytta etter hogst, er satsing på lauvskog. Det er ein tidkrevjande og arbeidsam prosess å plante og få opp lauvskog av god kvalitet og produksjon. Feltet må ryddast for konkurrerande vegetasjon jamnleg i om lag sju år etter planting, suppleringsplantast og deretter trenge stell minst kvart tiande år. Utan tilstrekkeleg stell vil lauvskogen vekse til med uønskt, konkurrerande vegetasjon, og ikkje bli rekna som berekraftig skogbruk lenger. Vidare er også hogstkostnadane for lauvtre høgare enn for gran på grunn av høvesvis små tre med ujamn stammeform. I tillegg er marknaden for lauv lite – ved som brensel blir mindre og mindre aktuelt, og det er få som i dag tek i mot lauvtre som sagtømmer.

Så, har du planar om å hogge? Då bed vi deg allereie no ta stilling til korleis du ynskjer å forynge arealet etter hogsten.

Har du areal som allereie er hogge, men enno ikkje forynga? Då anbefaler vi at du gjer tiltak for å forynge arealet no. Til lenger det vert venta med forynginga, til meir tid- og kostnadskrevjande er det.

Forynginga er rekna som etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom plantar av ynskt treslag gjer seg gjeldande.

Kommunen kan pålegge at areal skal foryngast, men vi kan ikkje pålegge ein bestemt foryngingsmåte.

Midlar på eigedomen sin skogfondkonto kan i dei fleste tilfelle nyttast til kostnader knytt til forynging. På www.skogfond.no kan du lese meir om skogfond og bruken av det.

 

I særskilde tilfelle kan du også få fritak frå foryngingsplikta. Dette gjeld når

  • det ikkje er pårekneleg med skogproduksjon på arealet, t.d. når det er hogge under kraftline, i vegtrasè, i vegkant m.m.
  • forynginga vil vere eit uforhaldsmessig tiltak, og pålegget om forynging ikkje står i stil til lønsemda, t.d. etter nokre naturskader som m.a. stormfelt skog på særs utilgjengelege stadar, og ved viltskader eller sjukdomsangrep på skogen.
  • arealet vert omdisponert til noko anna, som t.d. innmarksbeite. Omdisponering til utmarksbeite gjev ikkje fritak frå foryngingsplikta.

 

I alle tilfelle må det søkjast om fritak frå foryngingsplikta.