I haust skal vi ta igjen for den tapte ryddesesongen i vår og rydde det som har kome på avvege i løpet av vinteren, våren og sommaren, seier ryddegeneral Fanny Pindsle.
Kva skjer på ryddedugnad?
Kvar dag i løpet av perioden 5. – 20. september oppfordrar vi til rydding langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyar, stiar og i byrommet. Du vel sjølv kva dag du ynskjer å rydde, og vi håper temadagane kan vere til inspirasjon.
Start planlegginga no, og registrer ryddeaksjonar i Rydde (på nett eller i appen).
5. september:
Nordisk strandryddedag og den internasjonale strandryddedagen. Dagen avsluttast med #nattinaturen i samarbeid med Friluftslivets uke.
12. – 13. september:
Friluftslivets uke arrangerer «Tur med meining», og vi oppfordrar til turar med søppelplukking.
19. september:
Strandryddedagen 2020.
5. – 20. september:
Temadagar fordelast utover dei to vekene med nasjonal ryddedugnad.
Her er årets temadagar:
- Vi ryddar på heimebane: I samarbeid med Noregs Idrettsforbund oppfordrar vi lag og foreiningar til å arrangere ryddeaksjon på idrettsbana. Saman tar vi ein for laget og støttar opp under den nasjonale kampen mot forsøpling.
- Barnas dag: Vi ynskjer skular, barnehagar, barn og unge velkomne til å markere barnas eigen ryddedag! Ta kontakt med oss i friluftsrådet om de ynskjer hjelp med organisering av ryddeaksjon med barn, elevar eller skuleklassar.
- Vi ryddar på land: Ein dag med fokus på ryddeaksjonar i innlandet, indre fjordstrøk og langs vassdrag og innsjøar, elvar og i byrommet. For å bli med kan du ta #5forhvalen eller organisere ryddeaksjon i Rydde / Ryddeappen.
- Rydd med jobben: Mange arbeidsplassar ynskjer å ta i eit tak for naturen og vise at dei støtter opp under den nasjonale dugnaden mot forsøpling. Ta med kollegaene i lunsjen og rydd utanfor kontoret, eller arranger ein ryddeaksjon med jobben. Ta kontakt for å kome i gang!
- Dykkeaksjonar & vasseaksjonar: Det finst utruleg mykje søppel på havbotnen og derfor inviterer vi til rydding under vatn, og til vasseaksjonar for dei utan dykkarutstyr. NB! Rydding under vatn krev spesiell tillating. Ta kontakt med den lokale dykkarklubben for meir informasjon.
- Vi ryddar mikroplast og småsøppel: Søppel og små plastbitar som blir liggande kan skade dyrelivet, spreie miljøgifter og vere helseskadelege for både dyr og menneske. Derfor må vi og plukke dei små bitane.
- Strandryddedagen: Markerast den 19. september, starta i 2011 og markerast for tiande gong i 2020. Kvart år deltar tusenvis av frivillege. Bli med du og!
Ta kontakt med oss i friluftsrådet om du ønskjer å arrangere ein ryddeaksjon!
Fjordane Friluftsråd jobbar med å legge til rette for rydding av marint avfall langs kysten og i fjordstrøka frå Solund i sør til Stad i nord. Om du ønskjer å bidra under haustens store ryddedugnad vil vi gjerne høyre frå deg. Vi hjelper til med å skaffe ryddeutstyr og få handtert avfallet i etterkant av aksjonen.
- Vi ynskjer og å vise fram alt engasjementet for eit reint hav og ein rein kyst i områda våre. Både for inspirasjon til kvarandre og til resten av landet, seier Prosjektkoordinator Johannes S. Bolstad.
Rydde er Hald Norge Reint sin portal for all rydding av eigarlaust avfall som skjer landet over. Denne oppfordrar vi til at alle våre engasjerte ryddarar og samarbeidsorganisasjonar nyttar seg av. Her kan du organisere eller bli med på ryddeaksjonar, melde frå om forsøpla område, registrere funn og bidra til å auke kunnskapen om forsøpling i Norge.
Sjekk ut vår brukarrettleiar for registrering i Rydde.
Du kan også laste ned Rydde-appen
Appen er lett å bruke:
- Last ned appen «Rydde» frå App Store / Google Play
- Opprett brukar ved å følgje instruksjonane i appen
- Organiser eigne ryddeaksjonar: Velg «Ryddeaksjoner», «+ Ny aksjon»
- Finn aksjonar og bli med: Velg «Ryddeaksjonar», «Velg aksjon», «Bli med»
- Meld frå om du ser ein forsøpla plass: Velg «Meld fra», legg inn beskriving, bilder og plassering, velg «Send»
Fjordane Friluftsråd organiserer utstyrslager med strandryddeutstyr (sekkar, lodd og hanskar), kvar du kan hente dette gratis for din aksjon. Og vi organiserar innleveringsplassar der du gratis kan levere inn strandryddeavfallet etter de har rydda.
Ryddeaksjonar og koronakrisa
Årets vårrydding blei utsett grunna COVID-19 og det har vore noko mindre ryddeaktivitet i løpet av 2020 enn vanleg. Med utreiseforbod og ferielystne nordmenn er sjansen stor for at det har kome søppel på avvege i sommar og vi finn stadig meir marin forsøpling langs kysten vår. Derfor inviterer vi til to veker med rydding i september.
MEN: Smittevern er framleis viktig. Hald Noreg Reint har laga ein guide til rydding under koronakrisa med tips til korleis du kan arrangere ein trygg ryddeaksjon. Guiden blir oppdaterast og følger råde til myndigheitene.
Spørsmål?
Ta kontakt med johannes@friluftsrad.no
Kontaktperson i Stryn kommune Sonja H. Servan
sonja.servan@stryn.kommune.no
Tusen takk til våre støttespelarar!
Tusen takk til Miljødirektoratet som løyver tilskot til Fjordane Friluftsråd sitt store strandryddeprosjekt; Rydd Sogn og Fjordane, og til Strandryddeuka. Handelens Miljøfond skal og ha tusen takk for støtte til ei ny stilling under prosjektet hos oss.