Hjarteleg velkomen som publikum på UKM 2020 i Stryn

med 14 unge arrangørar, 2 konferansierar, 15 sceneinnslag og 49 kunstverk! Kom til Stryn kulturhus laurdag 8. februar kl. 15.00. 

 

Klikk for stort bilete

UKM (Ung Kultur Møtes) vert arrangert i Stryn kulturhus laurdag.
Over 100 deltakarar, utstillarar, artistar og arrangørar, er klare til å gje publikum ein smakebit på kva ungdom i Stryn har å by på. Utstillinga er allereie opna i foajeen i kulturhuset, og kl. 15.00 laurdag 8. februar er det duka for dei sceniske innslaga i kultursalen.

Nytt av året er at det også er fleire ungdomar med bak scena. Valfaget sal og scene på Stryn ungdomsskule er med som unge arrangørar og tilfører ung og god kunnskap til arrangørkomiteen.

Billettar, kr 150/50, er å få kjøpt på kulturhuset, eller på strynkulturhus.no

14 unge arrangørar, 2 konferansierar, 15 sceneinnslag, 49 kunstverk

– Vel møtt i kulturhuset!