Høyring: Nye Utvik kraftverk

Søknad om løyve til å byggje nye Utvik kraftverk i Stryn kommune. 

NVE har fått ein søknad frå Utvik Elektrisitetsverk om løyve til å byggje nye Utvik kraftverk i Stryn kommune.
Utvik kraftverk vart øydelagt i ein intens regnflom i juli 2017. Oppbygginga av eit nytt kraftverk er
planlagt med inntak ved det gamle inntaket på kote 280 og med ny plassering av kraftstasjonen på kote
10. Kraftstasjonen blir dermed plassert lenger ned og på andre sida av elva i høve til den gamle
kraftstasjonen. Vassvegen skal delvis fylgje den gamle traseen og vil bli nedgraven over heile
strekninga. 

Stryn kommune legg to eksemplar av søknaden ut til offentleg ettersyn på Servicekontoret i kommunehuset fram til 02.10.2018.