Influensavaksine: Ikkje faste vaksinasjonsdagar i haust

Det blir ikkje faste vaksinasjonsdagar i haust, på grunn av sein levering av vaksinen. Influensavaksinene er på plass 26. oktober og vi bed om at pasientar melder seg i ekspedisjonen på Stryn legekontor i vekene etter denne datoen.

Vaksinering føregår på legekontora i Stryn og Innvik. Kombiner gjerne vaksinasjon med planlagde legebesøk/ faste prøver. Vaksinen er som før anbefalt til personar i risikogruppene.

På dagar med stor pågang kan du bli beden om å kome igjen på eit anna tidspunkt. Prioriter gjerne ettermiddagar.

Pris for vaksinering er kr. 150,-

Meir informasjon www.strynhelsesenter.no