Influensavaksine til alle over 65 år og i utvalde risikogrupper
Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men nokre risikogrupper er meir utsett for alvorleg sjukdom enn andre, og helsegevinsten kan vere stor ved vaksinering. Stryn kommune vaksinerer i Innvik og Stryn. Det er gratis og inga timebestilling, berre å møte opp.
Influensavaksine til alle over 65 år, samt personar i risikogrupper
Onsdag 20. oktober Innvik (Innvik Fjordhotell IMI) kl. 13 - 19.30.
Torsdag 21. oktober Stryn kulturhus kl. 13 - 19.30.
Fredag 22. oktober Stryn kulturhus kl. 13 - 19.30.
-
Drop-in (ikkje timebestilling)
-
Gratis
Kven bør vaksinere seg?
Vaksinen mot influensa beskyttar mot fleire ulike influensavirus. Influensa kan blant anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Influensavaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus eller andre virus og bakteriar som også kan gje influensalignende symptom. Vanlege influensasymptom er feber, muskelsmerter, hovudverk, påverka allmenntilstand og tørrhoste. Influensa varer oftast i sju til ti dager.
Er du over 65 år er du i risikogruppa og bør ta vaksine mot influensa kvart år. Det er nødvendig fordi influensavirus endrar seg heile tida så vaksinen blir tilpassa kvart år. Effekten av vaksinen avtek også over tid. Det tek 10-14 dagar frå vaksinen blir sett til du kan forvente effekt.
Sist endra 20.11.2023 15.11