Influensavaksinering i Stryn hausten 2020

Denne hausten blir influensavaksinen reservert for spesifikke grupper. Les meir om kven som får tilbodet her (helsepersonell, risikogrupper og andre). Årets vaksinering er no i gang.

Kven kan få vaksinen?

Det er dei i risikogrupper og andre spesifikke målgrupper som får tilbod om influensavaksine for sesongen 2020/21.
 

Risikogruppe

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og omsorgssenter (sistnemnde vaksinerast i omsorgssenteret)
  • Barn og vaksne med:
    Diabetes type 1 og 2
    Kronisk lungesjukdom
    Hjarte- og karsjukdom
    Leversvikt eller nyresvikt
    Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    Nedsett immunforsvar
    Svært alvorleg fedme
    Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege (du treng legetime før vaksinasjon)
     

Spesifikke målgrupper:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontakter til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser

 

Kvar får du teke vaksinen?

  • Dersom du har avtalt konsultasjon på legekontoret kan du få sett vaksinen der, i forbindelse med konsultasjon i veke 44-49.
  • Stryn kommune vil opprette drop-in tilbod til alle som ikkje har legetime. Stad og nærare tidspunkt for dette blir annonsert snart. Massevaksinasjon er forventa å skje i starten av november.
  • Helsepersonell i Stryn kommune vil få tilbod om vaksine på jobb.

 

Kva kostar vaksinen?

  • I år er egenandelen kr 50 for influensavaksine for risikogruppa. Har du frikort er vaksinen gratis.  

 

Kva med meg som ikke er i risikogruppa?

I år blir vaksinene prioritert til risikogruppa og andre målgrupper som nemnt over.
 

Vaksinering i apotek er ikkje ein del av influensavaksinasjonsprogrammet, og dei som vaksinerer seg der må betale full pris for vaksine og vaksinering. Helsedirektoratet har hausten 2020 gjort vedtak om at apotek må reservere vaksinedosane til personar i risikogruppene og helsepersonell. Vedtaket gjeld fram til 1. desember.