Innskriving av elevar til 1. årstrinn i grunnskulen 2020/ 2021

Det er innskriving av elevar til 1. årstrinn for skuleåret 2020/21, barn fødde i 2015, i tidsrommet veke 46 og 47 (9. november - 20. november 2020).

Dersom foreldra søkjer om det, eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering, la eit barn ta til på skulen eitt år tidlegare. Dette dersom barnet har fylt 5 år innan 1. april 2019 (dvs fødd før 01.04.14). Jamfør Opplæringslova § 2.1.

Skulen må ha melding om at slik søknad vil kome.

Skulane i kvar krins vil sjølve sende ut innkalling med nærare orientering om frammøte.
Fyll ut skjemaet Innskriving - registrering av elev i grunnskulen her (du må logge inn med bank-id) og send inn.
Heimar med barn som skal ta til på skulen hausten 2021, men som ikkje får slik melding innan 9. november 2020, må ta kontakt med skulen i krinsen der dei bur. 

Vel møtt!


Kommunalsjef skule og kultur