Innspelsmøte for reiselivsbedrifter 18. oktober - Merket for Bærekraftig Reisemål

Visit Nordfjord og Nordfjord-kommunane har starta arbeidet med å få Merket for Bærekraftig Reisemål. Visit Nordfjord inviterer no til innspelsmøte på kulturhuset måndag 18. oktober kl 16:00. 

Eit veksande reiseliv utan styring vil påføre belastingar. Vi er komne dit at vidare vekst må baserast på eit «vinn-vinn» perspektiv – positiv verdi for både næringsaktørane, besøkande, lokalsamfunnet, innbyggarane og kloden i eit heilskapleg samspel.
 
Gjennom merkeordninga skal vi få opp tiltak som forsterkar dei positive ringverknadene og reduserer dei negative.
 
Vi treng di deltaking og ditt engasjement i utviklinga av reiselivet – no er det Nordfjord sin tur!

Møtet blir halde i kommunestyresalen i Stryn kulturhus måndag 18. oktober kl 16:00-18:00. 
Meld deg på ved å kontakte Visit Nordfjord ved Marita Lindvik på telefon 57 87 40 40
e-post: marita@nordfjord.no

Du kan lese om merkeordninga på Innovasjon Norge sine heimesider