KiB - KURS i belastningsmestring

KIB-kurs er basert på kognitiv atferdsterapi og skal bidra til auka mestring av belastning knytta til helse, arbeids- og privatliv. Kurset er utarbeidd for deg som er over 20 år, og som er i ein vanskeleg periode i livet. Oppstart torsdag 27. oktober kl. 17.00 – 19:30 i Eid rådhus på Nordfjordeid.

På kurset vil du lære metodar og teknikkar som kan brukast for å betre mestring og belastning, og kan vere til god hjelp for å forebygge ein eventuell depresjon.

Kursdagane er leia av utdanna og godkjende kursleiarar, og deltakarar vil også få heimeoppgåver. Deltakarane  kjøper eiga bok, som vil nyttast gjennom heile kurset.

Påmeldingsfrist måndag 10. oktober 2022.

For meir informasjon og påmelding:

Linda Hopland Bergset, Stryn tlf: 992 88 601 
epost: linda.bergset@stryn.kommune.no   

Inger Lise Nordnes, Eid tlf: 906 22 590 
epost: inso1967@gmail.com