Kloppemyrhytta klar for besøk

Dagsturhytta er på plass på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn. Frå parkeringsplassen på Tonningsøyra går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Dagsturhytta ligg ca. 250 moh.
 

Hytta har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar. Store vindauge og mykje lys skaper god romkjensle og gjev deg som besøkande god kontakt med naturen. Dagsturhytta er ein plass for å ete matpakken sin, kvile og bla i bøker.

Kloppemyrhytta har nynorsk turbibliotek. - Ved å flytte bøkene ut til folk, treffer vi publikum på nye arenaer. Om vi når nokre av dei som kanskje ikkje er vande med å lese så mykje med barna sine i ein hektisk kvardag, så er det ekstra flott, seier Siv-Merethe Hatlem i Fylkesbiblioteket. Hyttene skal vere sosiale møteplassar i naturen, som også kan nyttast som konsertarenaer for Den kulturelle skulesekken.

Kontaktperson drift Kloppemyrhytta:  Indre Nordfjord Turlag/ Stryn kommune kulturavdelinga tlf 57 87 47 00.
 

Kart dagsturhytta på Kloppemyra (PDF, 2 MB)

Les meir om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane