Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder

Stryn kommune har motteke kr. 727.000,-  i 7. tildeling av midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Søknadsfrist: 30. mai 2022.

Krav til søkjar og søknad

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Stryn kommune
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller frivilleg/tvungen avvikling - eller ha vore i økonomiske vanskelegheiter pr. 31.12.2019
  • Verksemda må opplyse om motteke anna offentleg støtte dei tre siste åra
  • Verksemda må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak, redusert aktivitet og stenging i første kvartal 2022 (januar til og med mars).  Gjer samanlikning med tilsvarande periode i eit normalår. Det skal leggast ved rekneskapsdokumentasjon.
  • Verksemda må vektlegge ei god skildring av situasjonen for selskapet og konsekvensane av utfordringane ein har vore gjennom.

Søkjar må sørge for at samla motteke offentleg støtte til verksemda ikkje overstig dei grensene som til eimkvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk.

Søknader må sendast inn via Regionalforvaltning.no 

Vi legg opp til å handsame søknadane i Formannskapet 9. juni 2022.

Søknadsfrist: 30. mai 2022.

• For meir informasjon: Statsbudsjettet 2022 – Tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter, datert 28. februar 2022.

• Hugs at opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

• Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Eivind Hopland, tlf. 90 86 11 26
eller eivind.hopland@stryn.kommune.no

 

Mål for tilskotet og krav til bruk

Som tidlegare er målet med tilskotet å setje kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder slik at arbeidsplassar og viktig kompetanse i selskapa kan oppretthaldast.

Kommunen har betydeleg friheit til å tilpasse kva slags verksemder ein støttar, avhengig av situasjonen i vår kommune. Støtta må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte. KDD har notifisert ei nasjonal paraplyordning (godkjent av ESA 16. april 2021) for bruk av den kommunale kompensasjonsordninga og Stryn kommune vil bruke denne ved tildelinga. Ordninga skal sikre tilgang til likviditet for verksemder som står overfor «en mangel eller en utilgjengelighet» av likviditet på grunn av covid-19-pandemien.

Midlane også i denne 7. runden må vere gjeve tilsagn på og sluttrapportert til departementet seinast 30.6.2022.

Målgruppa er alle lokale små- og mellomstore verksemder i Stryn kommune.  I tilskotsbrevet frå KDD er det oppgjeve fordelingskriteria som er lagt til grunn for tildeling av midlane og vi vil prioritere bedrifter som kjem inn under fordelingskriteria. Spesielt vil vi forsøkje å tilgodesjå verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.