Kommunedelplan for kultur 2018 - møte tysdag 2. oktober kl. 19.30 – Olden Helsetun

No kan du bli med å bestemme kulturpolitikken i Stryn. Stryn kommune er i gang med revisjon av kommunedelplan for kultur 2018 og ønskjer innspel for å lage ein god og framtidsretta kulturplan for Stryn.

Planen er eit viktig dokument for å sikre vidare god lokal kulturproduksjon, deltaking og utvikling av kulturlivet. I samband med dette arbeidet så ønskjer vi innspel og idear frå lag, organisasjonar, private og andre som vil medverke i prosessen for ein god og framtidsretta kulturplan for Stryn.

Planen skal og syte for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante virkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd i åra som kjem.

Vi ønskjer alle velkomne til ope møte om tema kultur og kulturpolitkk:

Onsdag 26.09. kl 19.30 – Stryn kulturhus

Tysdag 02.10. kl. 19.30 – Olden Helsetun

 

Med helsing
Myrtel Janne Thomassen
Kulturavdelinga