KommuneKari kan svare deg på spørsmål heile døgnet

Kommunen har frå i dag lagt inn kunstig intelligens (chatbot) på heimesida. Chatboten heiter KommuneKari og er eit dataprogram du kan skrive spørsmål til og få svar frå.

Kven er Kari?

Kari er ein chatbot, altså ein chatrobot du kan skrive til på nett. Seinare vil Kari også forstå om vi snakkar til henne. Ordet chatbot er sett saman av to ord. «chat», som tyder nettprat og «bot», som i robot. Robot i denne samanheng er ofte omtalt som kunstig intelligens eller AI (Artificial Intelligence). Teknologien er norsk og utvikla av boost.ai og Sem & Stenersen Prokom AS.

 

Kvar finn vi KommuneKari?

KommuneKari ligg på heimesida til Stryn kommune www.stryn.kommune.no. Snart vil Kari kunne svare deg på messenger.

 

Kva kan Kari?

Kari er intelligent og prøver å forstå kva du spør om basert på det vi har lært den, og kva data ho har tilgjengeleg.

Du skriv til dømes: Kan du hjelpe meg med ein faktura? KommuneKari vil då gjere ein analyse av spørsmålet ditt. Er ho usikker på kva du meiner, vil ho stille leiande spørsmål for å kome fram til rett svar. Gjennom dialog vil ho på denne måten samle nok informasjon til å hjelpe deg. Kari lærer og blir smartare for kvar dag.

Dersom chatroboten tolkar spørsmålet og finn ut at du kanskje er ute etter eit søknadsskjema, vil KommuneKari svare med ei lenkje til søknadsskjema som kan fyllast ut og sendast inn til kommunen direkte.

 

Kvifor bruke KommuneKari?

Chatroboten Kari er tilgjengeleg heile døgnet. Du kan møte Kari der du er, når du vil. Berre ta opp telefonen, ipaden eller gå inn på pc-en, trykk på  www.stryn.kommune.no. Der dukkar Kari opp og er klar til å hjelpe deg.

Vi jobbar for å legge til rette for enkle og smarte løysingar for dialog. I Noreg er over 90% eigar av ein smarttelefon. Difor er kommunen si mobiltilpassa nettside + KommuneKari ei praktisk og tilgjengeleg løysing som vi har tru på.

 

Er det ikkje råd å snakke med folk i kommunen lenger?

Jau, vi er her for deg frå ni til tre fem dagar i veka, KommuneKari er kun ei ekstrahjelp. Ei ekstrahjelp som er så glad i jobben sin at ho aldri går heim. Du kan derfor få hjelp kvar einaste dag 24 timar i døgnet.