Korleis kan vi planleggje og byggje VA-anlegg som skal vare i minst 100 år?

Bli med på informasjons- og drøftingsmøte tysdag 5. mars kl. 19.00 på kommunehuset, 3 etg. Tonningsgata 4.

Møtet er aktuelt for alle som arbeider med planlegging og bygging av kommunale VA-anlegg. 

Tema for møtet: Betre VA-anlegg i Stryn kommune.

Korleis kan vi i lag planleggje og byggje anlegg som skal vare i minst 100 år?
Det blir gjennomgong av gjeldande regelverk, VA-norm, overvassnorm, abonnementsvilkår, VA-miljødatablad, sanitærmelding, gebyrregulativ, føreståande/ pågåande prosjekt m. m.

Vi vil også drøfte gjennomføring av anskaffelsar etter Forsyningsforskrifta.

Påmelding til Sigurd Muldsvor tlf. 481 22 311 eller e-post: sigurd.muldsvor@stryn.kommune.no

 

Teknisk sjef