Korona: Status 5. august kl 21.30

Informasjon til gjester ved Isehaug kafeteria/Johans Pub laurdag 31. juli mellom kl 16.00-01.00:  Vi oppfordrar alle som ikkje har testa seg om å teste seg.

Nytt smittetilfelle
Ein person er bekrefta smitta av koronavirus torsdag kveld. Denne personen var gjest ved Isehaug kafeteria/Johans Pub laurdag kveld. Personen har fått influensaliknande symptom frå natt til onsdag. Nærkontakter er varsla. Truleg er denne personen blitt smitta på utestaden, men det har ikkje vore sikker nærkontakt mellom allereie kjent smitte denne kvelden og den som no har testa positivt. Vi kartlegg også omgangskrets for å fange eventuell anna smittekilde.

Informasjon til gjester ved Isehaug kafeteria/Johans Pub laurdag 31. juli mellom kl 16.00-01.00: Vi oppfordrar no alle som ikkje har testa seg om å teste seg.

 

Vi er svært takknemlege for at så mange allereie har testa seg. For ein del kan første test vere teken for tidleg for å fange smitte. Det vil seie at du har teke test før du rakk å bli smittsom.

Det er derfor svært viktig at du testar deg på nytt:

1) om du får symptom på koronavirus

2) om du hadde heilt milde symptom ved første test, og du opplever klar forverring i etterkant.

Opningstid for telefonbestilling av test 57 87 49 29 måndag til fredag kl 10.00-11.30.
Du må ha avtalt tidspunkt for testing på førehand.


Marius Solbakken
Kommuneoverlege