Korona: Status i Stryn 5. august kl. 13.00

Det er til no ikkje påvist koronasmitte i Stryn etter helga, men vi ventar svar på fleire testar i kveld. Vi oppfordrar alle som ikkje har registrert seg for vaksine om å ta ei ny vurdering. Registrer deg no før du kjem for langt bak i køen til hausten.

Ingen nye smitta

Av 51 testar tekne tysdag har vi no fått svar på 50 stk. Alle desse var negative. Mange av testane var tekne av personar som hadde vore på Isehaug kafeteria / Johans pub laurdag. Same tal testar vart tekne onsdag, og vi forventar svar på dei i kveld.

Med andre ord er det ikkje påvist smitte i Stryn etter helga. Det er framleis for tidleg å seie om personane som var på Isehaug kafeteria/ Johans pub laurdag kan ha smitta nokon under opphaldet.

 

Ta ny test ved symptom!

Smittsomheit kan utviklast så seint som cirka 14 dagar etter ein vart smitta. Ein test teken før dette vil då vere negativ. Det er derfor viktig at alle som får symptom testar seg på nytt, sjølv om det er kort tid sidan forrige test.

 

Nærkontakter til smitta

Vi har dei siste dagane fått informasjon om nærkontakter til smitta andre stadar, og personar som kan ha vore i ein smitterisiko. Hovudsakleg frå Ørsta/Volda. Dei blir følgde opp med smittekarantene og/eller testing. Dette er naturleg i samanheng med auka smitte i landet, og spesielt i Ørsta/Volda området.

 

Koronavaksine

Med auka smittetrykk, for det meste forårsaka av deltavariant av koronavirus og auka aktivitet i befolkninga, er det viktig å presisere viktigheit av vaksinering. Sjølv om ein kan bli smitta, og smitte vidare når ein er vaksinert, blir denne risikoen redusert betrakteleg. Spesielt blir risikoen betydelig redusert for langvarig og/eller alvorleg sjukdom og død. Dette gjeld også unge vaksne. Vi forventar at myndigheitene gjenopnar samfunnet i takt med at alle har fått tilbod om vaksine. Dei vaksinerte vil då ha svært lav risiko for alvorleg sjukdom, sjølv om dei skulle bli smitta. Dei som ikkje er vaksinerte derimot, vil lettare kunne kome i kontakt med viruset, men er då heilt utan beskyttelse.

Vi veit meir om bivirkningar og effekt av vaksinene som blir nytta i dag, enn då vi starta å vaksinere i vinter. Vi veit også meir om viruset.

Vi oppfordrar alle som ikkje har registrert seg for vaksine om å ta ein ny status for seg sjølv. Det er fullt forståeleg at ein skepsis til koronavaksinene (mRNA-vaksiner) som vi no nyttar har endra seg dei siste månadane. Det same gjeld dei som har vore ute og reist. Registrer deg no før du kjem for langt bak i køen i haust!

Bestill vaksine her


Marius Solbakken,
kommuneoverlege