Koronasituasjonen - status og tiltak

Regjeringa har sett i verk ulike tiltak som gjeld til 19. januar.

Ber om at alle med luftvegssymptom testar seg
Stryn kommune hadde forventa at det var fleire som tok koronatest rett før jul og i romjula. Vi ønskjer at alle med luftvegssymptom testar seg. Ta kontakt med beredskapstelefon koronavirus.

Nasjonale retningsliner
Stryn kommune rettar seg etter nasjonale føringar for smitteverntiltak. Fleire av dei tilsette i kommunen har heimekontor, det vil heller ikkje bli gjennomført fysiske møter.

Undervising
Barnehagar og barneskular er opne. Tiltaka etter gult nivå (uendra).

Ungdomskular og vaksenopplæringa er i vanleg drift etter retningslinjene i rødt nivå.

Kulturskulen gjennomfører individuell undervisning. Gruppeundervisning blir utsett til 18. januar.

Reglane for besøk på omsorgssentra er uendra.