Koronasmitte på Hjelle søndag 25. juli

Kommunen har i dag fått eit nytt positivt testsvar på Covid-19. Personen som er smitta har vore på Gamlebutikken på Hjelle 25. juli i tidsrommet 12.30 - 14.00.

Vedkomande er busett i kommunen. Personen er fullvaksinert, og har kun lette symptom på sjukdom. Smittevegen er ukjent. Definerte nærkontakter blir testa og sett i karantene. Personen har vore på Gamlebutikken på Hjelle 25. juli i tidsrommet 12.30 - 14.00, og besøkande som registrerte seg på serveringsstaden har fått melding om at dei kan ha blitt utsett for smitte. 
 
Smittetilfellet viser at sjølv om ein er fullvaksinert kan ein bli smitta av Covid-19. Vi minner derfor om viktigheita av å halde avstand, ha god handhygiene, samt halde seg heime og teste seg, sjølv ved lette symptom på sjukdom.  
 
Ring beredskapstelefonen 57 87 49 29 (måndag – fredag kl. 10.00 – 11.30) ved spørsmål eller behov for koronatest.