Koronavaksine

Stryn kommune er i gang med planlegging av vaksinasjon mot korona. Vi planlegg oppstart av vaksinasjon i starten av første halvår 2021. Er du i prioritert gruppe vil du bli kontakta av oss, det vil ikkje bli nødvendig for deg å ta direkte kontakt med fastlege/ helsestasjon.

Vi veit ikkje eksakt når vi får dei første vaksinedosane til Stryn, og vi veit ikkje kor mange vaksinedoser vi får tilbod om i starten. Kommunen vil følgje Folkehelseinstituttet sin plan for handtering og distribusjon av vaksiner mot covid-19. Dette omfattar også kven som vil få tilbod om vaksine først. Dei aktuelle prioriterte gruppene vil bli kontakta for vaksinasjon, du skal ikkje ta kontakt med fastlege eller helsestasjon.

Staten har bestemt at vaksinen skal vere gratis for befolkninga og at kommunane får dekt kostnadane sine for gjennomføring av vaksinasjon. Organisering og ansvarsfordeling av vaksinasjon mot covid-19 er spesifisert i det nasjonale koronavaksinasjonsprogrammet, og følgjer ansvarsfordelinga i Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og Nasjonal beredskapsplan mot utbrot av alvorlege smittsomme sjukdommar.

Det vil kome meir detaljert informasjon om prioritering av vaksinasjonsgrupper, og om korleis vaksineringa vert lagt opp i Stryn kommune fortløpande framover.

 

Informasjon om koronavaksinering på helsenorge.no