KoronavaksineLytt til tekstenStopp avspillingVi er no komne til aldersgruppa 75-84 år (gruppe 3). Foreløpig ringjer vi til alle, du treng ikkje ta kontakt. Når vi får mange nok vaksinedosar opnar vi opp for sjølvregistrering. Vi oppfordrar alle til å nytte sjølvregistrering når den tid kjem, og at eventuelt pårørande hjelper til om nokon skulle har problem. Meir informasjon kjem.Piroriteringsrekkefølgje frå Folkehelseinstituttet: Bebuarar i sjukeheim Alder 85 år og eldre Alder 75-84 år Alder 65-74 år og på same tid 18-64 år i høgrisikogruppe, merka* Medisinske høgrisikogrupper*:• Organtransplantasjon• Immunsvikt• Hematologisk kreftsjukdom siste fem år• Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft /spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift• Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungesjukdom (til dømes ALS eller Downs syndrom)• Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon Har du spørsmål kan du kontakte kommunen på vaksine@stryn.kommune.noeller ring 992 83 595 (måndag – fredag 10-12). Sist endra25.02.2021 15.24