Røde Kors i Stryn, Olden og Vikane med tilbod om telefonvenn:
Telefonvennen kan ringje deg og spørje korleis du har det og de kan snakke om det som opptek deg. Ønskjer du ein telefonvenn, ring eit av nummera under og avtal vidare. Telefontid måndag til fredag kl. 13-17.
Stryn Røde Kors 482 28 987
Vikane Røde Kors 918 91 461
Olden Raude Kross 900 65 461
Kors på halsen
Eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velgje om du vil ringe, chatte, eller sende mail. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet Kors på halsen
Generelle råd:
I ei tid der barna bør vere mest muleg heime og ha begrensa kontakt med andre – korleis kan barn og familiar få gode dagar?
Det kan vere lurt å tenkje at dette er noko vi skal få til saman og at vi kan kome langt med litt ekstra omtanke for og tolmodigheit med kvarandre. Det er viktig at vi prøver å:
- Oppretthalde vanleg døgnrytme med søvn og måltid
- Planlegge dagen – følg dags-/vekeplanen til skulen
- Å kome seg ut kvar dag. Også leik inne med fysisk aktivitet kan vere lurt
Å ha meir tid saman i familien kan for mange vere krevande, men kan også vere ei tid med nye, kjekke påfunn:
Kanskje familien kan ha idèmyldring med forslag til artige aktivitetar og plukke ut dei som kan fungere bra? Det finst også mange gode forslag på nett. Ein kan ha kontakt med venner via appar/ telefon/ facetime og liknande.
Treng du nokon å snakke (eller chatte) med kan du få hjelp her:
Psykisk helsearbeider Stryn:
Psykisk helsearbeidar born og ungdom, send sms eller ring 404 09 745.
Psykisk helsearbeidar, send sms eller ring 917 21 621.
Bufdir.no
Korleis få best mulege dagar når barnehagar og skular er stengde? Trygge råd til foreldre i korona-hverdagen (lenke til Bufdir.no)
Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123
Hjelpetelefonen er Mental Helse sin gratis døgnopne telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har taushetsplikt. Dei har også ein chat på sidetmedord.no
Kirkens SOS
Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon enten på telefon, på melding eller chatte. Her kan ein ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er ope kvardagar kl. 18.30 – 22.30, det er anonymt.