Kulturlandskapsprisen i Vestland

Kulturlandskapsprisen skal for første gong delast ut i Vestland. Prisen er heider til den som har gjort ein ekstra innsats for å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.

Kven kan få prisen?

Prisen kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre former for fellestiltak og samarbeid, kommunar, landbruksretta næringsverksemd og FoU-verksemder.

Prisen går til ein som har utmerka seg ved å forvalte kulturlandskap og miljøet på ein særs god måte. Vinnaren skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet. Dette kan gå på biologisk mangfald, bygningsvern, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet. Medverknad til blest om verdiane i kulturlandskapet i Vestland tel også.

Alle kan fremje forslag til kandidatar, men spesielt kommunar, landbruksrådgjevinga og faglaga blir oppmoda om å kome med forslag. Fleire kan gjerne gå saman om nominering.

 

Meir informasjon om prisen og lenke til skjema som må brukast til å nominere kandidatar.