Kulturmidlar 2019 - Særskilde kulturtiltak

Søknadsfrist for særskilde kulturtiltak er 15. september. 

Det kan gjevast tilskot til særskilde tiltak som t.d. konsertar, kulturdagar, utstillingar, særskilde kulturkveldar, tiltak for særskilde grupper, bokutgjevingar, eller andre tiltak som vert sett på som verdfulle for det lokale kulturliv. 


Det må gå tydeleg fram av søknaden at tiltaket er rekna som særskild, dvs. at det ikkje høyrer med til vanleg lagsrutine, eller at ein ikkje kjem innunder retningslinene for driftstilskot. 


Det skal nyttast eige elektronisk skjema, med utarbeidd budsjett, som viser finansieringplan for tiltaket.
 

Elektronisk søknadsskjema med rettleiing finn du her