Kulturmidlar 2023 og istryn.no

Handsaming av Kulturmidlar 2023 med søknadsfrist 15. mars er over. Dei ordinære driftsmidlane er utbetalt til dei ulike lag og organisasjonane. Midlar til særskilde tiltak og lokale kulturbygg vert utbetalt når tiltaket er sett i gang. Søknadane har i år hatt god spreiing i aktivitet og i geografi, og midlane kjem forhåpentleg ein stor del av innbyggarane i Stryn til gode.

9.-10. juni får vi allereie det første arrangementet støtta av kulturmidlar når Stryn Kunstlag skal arrangere kunstfestivalen «Glør».  Det vert opna for ny søknadsrunde til særskilte kulturtiltak i haust med søknadsfrist 15. september.

Stryn kommune ønskjer å oppfordre tilskotsmottakarane til å nytte istryn.no til å marknadsføre arrangementa og tilboda sine. Arrangement som har motteke støtte frå Stryn kommune ønskjer vi skal vere tilgjengelege og opne for alle som vil delta. Ved å marknadsføre det på ein felles portal som istryn.no kan vi sikre at dei som ønskjer informasjon får informasjon om kva som skjer. Kulturavdelinga vil samtidig minne om å halde kontaktinformasjonen til dei ulike lag og organisasjonane oppdatert inne på istryn.no.

Ved spørsmål om istryn.no kontakt frivilligsentralen eller jannike.sunde@stryn.kommune.no.

Klikk her for å gå til istryn.no