Kulturnatt i Stryn 9. november

Gled deg! Fredag 9. november blir det Kulturnatt i Stryn med arrangement fleire plassar.

 

Stryn kulturskule feirar 30 år med jubileumskonsert fredag 9. november kl 18.00 i Kulturhuset. Konserten er gratis, og ein del av programmet for Kulturnatt Stryn.

Årets elevar i Kulturskulen er i fokus med musikk, kunst og dans. Elida Høgalmen og Nikolai Storevik, som begge er tidlegare elevar i kulturskulen, er gjesteartistar. Kulturskulen har også eit eige husband med Stine Storevik, Jon Are Steen, Hans Magnus Nedreberg og lærarane i kulturskulen.

Ordførar Sven Flo og Kommunalsjef skule- og kultur Hilde Lødøen blir med, så det er duka for ei staseleg stund i kulturhuset.