Kulturnatt i Stryn

Fredag 8. november er det klart for Kulturnatt i Stryn kommune. Det vert program i kulturhuset, på biblioteket, omsorgssentra og i Oppstryn, på Erdalen bygdemølle.

Kvelden startar med ei koseleg formidlingsstund for born på biblioteket. Kulturskulen held program i Heimskringla med teatergruppa, og rett etter det opnar dei eit rykande ferskt, og svært eksklusivt, trappe-kunstverk. Dette vert spanande!

I kultursalen får vi oppleve ABBA med Frostskoddekoret og Stryn musikklag, før vi avsluttar kvelden i kulturhuset med kino: Astrup – flammen over Jølster. Husflidslaget, kunstlaget og kulturskulen smykkar ut kulturhuset sine mange rom med ulike utstillingar. I Erdalen bygdemølle vert det musikk med DamJam frå kl. 21.00 og inn i natta.

Kulturhuset har sal av taco-middag frå kl. 15.00 og etter det går det i eitt.

Ta med deg storfamilien, et dykk mette på fredagstacoen i kulturhuset, og få med deg Kulturnatt i Stryn!