Kunngjering av planoppstart - reguleringsendring i Innvik

Planområdet er på om lag 2,1 daa og ligg i tilknyting til dagens bygningsmasse for tekstilproduksjon (Innvik AS) ved Morskogen. Føremålet med reguleringsendringa er å utvide delar av regulert byggjegrense for industriføremål.

Varslingsdokument for planoppstart kan du sjå på her søk på 2019002

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av arbeid med endring innanfor delar av detaljreguleringsplan for Morskogen i Innvik, Stryn kommune. Endringa er knytt til gnr/ bnr 126/ 38.

Frist for innsending av merknader er 1. mars:
Eventuelle innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til ihe@nordplan.no

Eller til postadresse:
Nordplan AS v/ Ingvill Handegård Eikelund
pb 685, 6804 Førde.