Oppstart: |
Torsdag 1. oktober 2020 |
Tid: |
17.00 – 19:30 |
Stad: |
Eid rådhus |
Kursavgift: kr. 600,- skal betalast første kvelden og dekker kursmateriell + kaffi/ te med noko lite attåt.
For meir informasjon og påmelding:
Inger Lise Nordnes, Eid tlf: 906 22 590
epost: inso1967@gmail.com
Linda Hopland Bergset, Stryn tlf: 992 88 601
epost: linda.bergset@stryn.kommune.no
Kven er kurset for
Kurs i Mestring av Depresjon – KiD, er utarbeidt for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemte eller er deprimerte (frå lett til moderat) på ein slik måte at det går ut over evna til å fungere og på kvaliteten på livet. Teikn/symptom på dette kan vere:
*Fråver av glede *Tristheit
*Tilbaketrekking *Søvnproblem
*Kjensle av å vere verdilaus *Uro
*Lite tiltakslyst/initiativ *Grubling
*Konsentrasjonsvanskar *Irritabilitet
Målet med kurset
Å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for å betre meistringa av å vere nedstemt/ deprimert og belastningar knytt til arbeidsliv og privatliv.
Kva går kurset ut på?
Dette er eit kurs som er bygd på kognitiv, sosial læringsteori. Kursdeltakarane får undervisning i å bli oppmerksame på tankane sine og å sjå samanhengen mellom tankar og kjensler. Ein lærer å vurdere og å endre negative tolkningar av det som skjer, samt å kjenne igjen og endre negativt mønster på tankar og handlingar. Det er en anerkjent metode som er egna til å gi hjelp.
Kurset er på åtte samlingar, kvar på 2 ½ time. I tillegg er det 2 oppfølgingssamlingar.
Kursdeltakarane får opplæring i kva dei sjølve kan gjere for å endre mønsteret på tankar og handlingar som held vedlike og forsterkar nedstemtheit/depresjon.
Det er ikkje nødvendig å fortelje om eigne problem på kurset. Kursdeltakarane arbeider med problema heime ved hjelp av metodar og teknikkar som dei lærer på kurset. Heimearbeidet er ein viktig del av kurset.
Praktisk informasjon
Kurset blir leia av trena og godkjende kursleiarar. Kurset går over 8 gongar + 2 oppfølgingsmøter, kvar samling på 2,5 timar per veke. Det er vanlegvis 8-14 deltakarar på kvart kurs. Kursboka, Å mestre depresjon, er obligatorisk og blir brukt aktivt gjennom heile kurset.
Meir informasjon om Kurs i Depresjonsmestring: Fagakademiet og Rådet for Psykisk Helse,