KURSET ER AVLYST: Kurs i Tilskuddsportalen 11. mars

Bli med på ein temakveld som kan gi ditt lag meir pengar i kassa! Stryn kommune, i samarbeid med Tilskuddsportalen, inviterer med dette frivillige lag og organisasjonar i Stryn til eit inspirerande kurs i bruk av nettstaden Tilskuddsportalen

Stryn kommune har kjøpt abonnement til Tilskuddsportalen der frivillige lag og organisasjonar får oversikt over ulike tilskotsordningar. Foredragshaldar i kulturhuset blir Anne-Grethe de Geus frå Tilskuddsportalen.
Kurset er gratis, utan påmelding og det er fint om de kjem 1-2 personar per lag.

Dato: Onsdag 11. mars kl 18.00-20.00
Stad: Stryn kulturhus

Lag og organisasjonar i Stryn kommune har no tilgang til Tilskuddsportalen.
Gå inn på www.tilskuddsportalen.no og registrer deg med ein gong, så får du meir ut av kurset!
 
Tema som blir diskutert:

- korleis finne aktuelle tilskot å søke på
- korleis skrive betre søknader
- siste nytt om tilskot og fristar
- dele informasjon og lære av kvarandre
- få månedleg nyheitsbrev med råd om tilskot

Velkomen i kulturhuset!