Kurs i Tilskuddsportalen 14. oktober

Invitasjon til frivillige lag og organisasjonar i Stryn til eit inspirerande kurs i bruk av nettstaden Tilskuddsportalen, onsdag 14. oktober i kulturhuset.

Stryn kommune har kjøpt abonnement på Tilskuddsportalen der frivillige lag og organisasjonar tilhøyrande kommunen får oversikt over ulike tilskotsordningar. Kurset er gratis og det er fint om de kjem 1-2 personar per lag. Grunna smitteverntiltak er det fint om de melder dykk på til ingrid.heieren.solvberg@stryn.kommune.no i forkant av kurset.

Dato/tid: Onsdag 14. oktober kl. 18:00 – 20:00

Stad: Tingsalen, Stryn kulturhus

Kurshaldar: Anne-Grethe de Geus

Lag og organisasjonar i Stryn har gratis tilgang. Lenke finn du her Tilskuddsportalen der du registrerer laget eller organisasjonen. Registrer deg gjerne før kurset.

Tema som blir diskutert:

  • Korleis finne aktuelle tilskot å søke på
  • Korleis skrive betre søknader
  • Siste nytt om tilskot og fristar
  • Dele informasjon og lære av kvarandre
  • Få månadleg nyhendebrev med råd om tilskot

Velkomen i kulturhuset!