Kva er viktig for deg?

9. juni er kva er viktig for deg-dagen. I likheit med mange andre kommunar og sjukehus, deltek Stryn kommune i læringsnettverket for gode pasientforløp. Gode pasientforløp er eit nasjonalt læringsnettverk, gjennomført av KS og Folkehelseinstituttet.

I Stryn er det sju personar som deltek i dette læringsnettverket, representert frå både Stryn og Vikane omsorgssenter, samt Miljø og Velferd. Det er ei tverrfagleg gruppe, med sjukepleiarar, fysioterapeut, vernepleier og miljøterapeut. Målet er at brukaren skal oppleve at tenestene dei får er heilheitlege, trygge og kooridinerte.

Det handlar om å få til trygge overgongar mellom sjukehus og kommune, og internt i kommunen og sjukehuset. Lærlingsnettverket legg vekt på at helsepersonell lyttar til den enkelte pasient, og legg fokus på kva som er viktig for den enkelte. Spørsmålet «Kva er viktig for deg?» står sentralt. Ønskjet er at helsepersonell skal bli flinkare til å lytte, og forstå kva som er viktig for den enkelte pasient eller brukar.

Å flytte fokus frå «Kva er i vegen med deg?» til «Kva er viktig for deg?» bidreg til ei viktig retningsendring i helsevesenet. Det å ta seg tid til å spørje, lytte og følgje opp det som blir fortalt fremjar god helse. Samstundes er det viktig at den enkelte pasient er aktivt deltakande i utforminga av eigne mål. Erfaringar viser at dette aukar motivasjonen og styrkar meistringskjensla til pasienten.

Etter å ha intervjua brukarar, pårørande og helsepersonell ynskjer arbeidsgruppa å ha som hovudmål å oppnå gode helsetenester til brukarar med samansette utfordringar. Fokuset vil, i første omgang, bli innanfor psykiatri.

Temadag for Leve heile livet og Forebyggande heimebesøk for eldre
28. oktober skal Stryn kommune arrangere temadag med fokus på ein god alderdom. Det arbeidet starter tidleg i livet, og det er mykje både den enkelte kan gjøre sjølv, og kommuna kan tilrettelegge for å få ein betre og enklare kvardag. Gode pasientforløp er ein del av arbeidet som blir lagt ned.