Kva trur du dei grev fram etter oss om 200 år?

Kulturminnedagene vert markert på Stryn bibliotek 7.-15. september 2019 med tema «fremtidens kulturarv».

Born og unge er framtida vår og Stryn bibliotek lagar ein eigen aktivitet for born og unge under kulturminneveka. Fokuset ligg på framtidsmuseet: Kva trur du dei grev fram etter oss om 200 år? Her kan du teikne eller lage den gjenstanden du trur arkeologane vil finne og stille det ut. Alt vert samla til eit framtidsmuseum i biblioteket.

Kulturminnedagane har vore markert på biblioteket frå 5. september med val som tema.