Kven skal få Ungdommens kulturstipend i år?

Stryn kommune ønskjer forslag til kandidatar som fortener Ungdommens kulturstipend for 2019. Driv du med idrett, musikk, dans, litteratur eller andre ting som femner kulturomgrepet, kan du søkje sjølv, eller sende inn forslag til kandidat.

Frist for å sende inn forslag: 10. oktober.

Framlegga skal sendast skriftleg med grunngjeving til: Stryn kommune v/ kulturavdelinga, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn eller epost: postmottak@stryn.kommune.no

 

 

Ungdommens kulturstipend

Stryn kommune kan kvart år dele ut kulturstipend til ein ungdom frå kommunen som har synt at ho/ han fortener karakteristikken lovande innan kulturfeltet.

• Kulturstipendet kan tildelast ein talentfull ungdom i utvikling. Talentet bør sjåast i høve til nasjonalt, ev. internasjonalt nivå innafor det utvida kulturomgrepet.

• Kandidaten må vere busett i Stryn kommune eller ha ei nær tilknyting til kommunen.

Kulturstipendet skal vere stimulerande og motiverande til vidare satsing og utvikling av talentet til den som får det.

 

Informasjon om ungdommens kulturstipend