Lag og foreiningar med frivillig aktivitet kan no søkje om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,685 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2020. No opnar dei opp for å søkje, og håpar at så mange som mogeleg søkjer på ordninga. 

Vi prøver å nå ut til flest mogeleg, og spesielt til lokale og regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar, eller dei som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. 

Søknadsfristen er 1. september, og utbetaling skjer i midten av desember. Frå og med søknadsåret 2020 skal alle søknadar sendast inn på eit nytt elektronisk søknadsskjema.

Lotteri- og stiftelsetilsynet om momskompensasjon