Leiar, medlemmer og vara til inkluderingsutval

Har du lyst å bli medlem av inkluderingsutvalet? Eller veit du nokon som kan passe til eit slikt verv? Inkluderingsutvalet skal jobbe for at Stryn kommune blir ein stad der det er plass for alle, der vi behandlar kvarandre med respekt.

Utvalet blir valt for kommunestyreperioden, med oppstart 1. februar 2021.
Det er den politiske valnemnda som set saman og vel utvalet utifrå følgjande prioritering:
Minst eitt medlem skal representere flyktningar
Minst eitt medlem skal representere arbeidsinnvandrarar
Minst eitt medlem skal representere andre utsette grupper
To medlemmer kan bli valde inn på fritt grunnlag, men ein må ha med seg i vurderinga at det skal vere eit medlem frå minst ein religiøs minoritet.

Har du lyst å bli med?

Send forslag på kandidat til postmottak@stryn.kommune.no innan 15. desember 2020

Kommunestyret vedtok i KS 118/20 at det skal opprettast Inkluderingsutval, her kan du lese kva som vart bestemt:
Informasjon om inkluderingsutval i Stryn