Leik og samver på fritida

Sjølv om barnehagar og skular er opna igjen, er det viktig at generelle smittereduserande tiltak i befolkninga held fram. For å avgrense smittespreiing, er det eit overordna mål å unngå mange kontakter. Ved samver er det framleis anbefalt å halde minst 1 meter avstand.

Ved behov for barnepass bør dette avtalast med nokre faste personar, for å unngå mange ulike kontakter.

Råd om samver og leik for barn og unge på fritida:

  • Barn og ungdommar med symptom på luftvegsinfeksjon skal haldast heime og bør ikkje omgåast andre barn og ungdommer utanfor familien. Dette gjeld også ved milde symptom.
  • For barn og unge som er tilbake i barnehage og på skulen, bør leik og samver med andre barn på fritida vere med dei som er i same gruppe. Samver og leik med andre barn og unge utanom gruppa bør avgrensast til nokre få.
  • Større barn og ungdom må minnast på å halde avstand til andre, også i uformelle settingar.
  • Leik og samver bør helst skje utandørs.
  • Avgrens overnattingsbesøk.
  • Vask hender ofte, både før og etter samver/leik, og ha god hostehygiene.
  • Opptil 20 barn og unge kan møtast, men alle bør halde minst ein meter avstand til kvarandre.

Råd og informasjon om spørsmål som berører barn og unge i forbindelse med det nye koronaviruset (covid-19)