Lokal forskrift om feie og tilsynsgebyr ute på høyring

Brannsjefen i Stryn kommune viser til brann og eksplosjonsvernlova, og informerer om at det er utarbeida forslag til ny lokal forskrift om feie- og tilsynsgebyr.

Forskrifta omfattar gebyr frå eigarar av alle byggverk med eit eller fleire fyringsanlegg.

Høyring av framlegg til ny forskrift om feie- og tilsynsgebyr (PDF, 304 kB)

Forskrift om feie- og tilsynsgebyr Stryn kommune Vestland fylke (PDF, 238 kB)

 

I følgje forvaltningslova ber kommunen om innspel før forskrifta blir politisk behandla.

Send skriftleg innspel til postmottak@stryn.kommune.no eller
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 STRYN innan 05.10.2019