Mange barn treng fosterheim – delta på infomøte

Rundt 30 barn i Førde og omegn treng ein ny trygg heim. Bli med på digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June tysdag 18. april kl. 20.00, og finn ut kva det vil seie å vere fosterheim.

I Vestland og Rogaland er det over 1000 fosterheimar. Når familiane skal fortelje om kvifor dei har opna hjartet og heimen for eit barn svarar mange: «Vi ønskjer å hjelpe eit barn som treng hjelp».

Og dei svarar: «Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.» 

Det blir stadig nye barn som treng fosterheim. På vårt digitale informasjonsmøte får du vite meir om kven barna er, og kva det innebærer å vere fosterheim. Møtet tek omlag ein time og du får anledning til å stille spørsmål.  

Fosterheimstenesta i Førde har digitale møter ca. ein gong i månaden og er ein del av Barne-, ungdom- og familieetaten (Bufetat).

Meir informasjon og skjema for påmelding finn du i denne lenka

 

Siv Merethe Fonnes Midtgård
Fosterhjemtjenesten i Rogaland og Vestland