Markering av Alzheimerdagen i Stryn kulturhus

Onsdag 21. september kl 18.00 markerer Hukommelsesteamet i Stryn den internasjonale Alzheimerdagen i Stryn kulturhus.

Hukommelsesteamet vil markere dagen med open kino, der dei viser filmen «The Father» i kulturhuset. Filmen har ei realistisk tilnærming til korleis det kan vere å leve med demens, både som pårørande og pasient. Filmen belyser store og vanskelege spørsmål som dei fleste berørte ein eller annan gong er nødt til å ta stilling til.

Alle er velkomne til å sjå filmen «The Father» i Stryn kulturhus kl. 18:00.

Hukommelsesteamet vil innleiingsvis ha ein kort informasjonsbolk om temaet og tidlege teikn på demens. Teamet vil vere tilgjengelege for spørsmål i etterkant av filmvisinga.

Alzheimerdagen blei stifta den 21. september 1994 i Edinburgh av den internasjonale Alzheimerforeningen og Verdens helseorganisasjon (WHO). Bakgrunnen er at sjukdomen fins over heile verda og at den berører oss alle. Ved å innstifte ein slik markeringsdag vert alle utfordra til å lære meir om sjukdomen og symptoma. Det at alle får større kunnskap kan hjelpe pårørande, helsepersonell, familie og venner til å akseptere og leve med sjukdomen.

På verdsbasis antek ein at meir enn 55 millionar menneske lever med demens og at det er ca.10 millionar nye tilfeller i året. I Norge lever ca. 101.000 med denne sjukdommen. Ca 60% av dei har Alzheimer sjukdom.