Momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg 2022 - søknadsfrist 1. desember 2021

Frå og med 15. september vart det opna for innlevering av søknadar om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2022. Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnadar. Søknadsfristen er 1. desember 2021.

Søknadar skal leverast elektronisk på eige søknadsskjema via Lotteri- og stiftelsestilsynet si heimeside

Desse organisasjonane kan søkje:

  • idrettslag/organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)
  • idrettslag organisert under Samisk idrettsforbund
  • samanslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • samanslutningar under Den Norske Turistforening
  • samanslutningar under Norges Bilsportforbund
  • samanslutningar under Det frivillige Skyttervesen
  • aksjeselskap/allmennaksjeselskap
  • stiftelsar
  • andre samanslutningar

Ein kan søkje sjølv om ein er registrert i meirverdiavgiftsregisteret, men då skal frådragsført meirverdiavgift trekkast ut i søknaden om momskompensasjon.

Vilkår for å søke:

  • Anlegget må vere ferdig, og anleggsrekneskapen må vere kontrollert og attestert av revisor.
  • Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.
  • For å kunne søkje må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar

     

Informasjon om kompensasjonsordninga og søknadsskjema finn du her