Møte i Innvik om E39 Byrkjelo – Grodås

Kommunedelplan for E39 Byrkjelo-Grodås ligg no ute på høyring, og i samband med utlegginga blir det informasjonsmøte i Innvik tysdag 11. desember. Frist for å sende inn merknad er 21. januar 2019.

Statens vegvesen har, i samarbeid med kommunane Stryn, Gloppen og Hornindal lagt fram eit forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Byrkjelo – Grodås ut til offentleg ettersyn i perioden 21. november 2018 til 21. januar 2019.

Det har vore møter på Grodås, i Stryn og på Byrkjelo. 

Tysdag 11. desember
blir det møte i Heimlund, Innvik
kl. 19.00.


Plandokumenta ligg også på prosjektsida www.vegvesen.no i høyringsperioden.


Kontaktperson i Stryn:

Stryn kommune Geirmund Dvergsdal 57 87 47 14/ 971 97 092
geirmund.dvergsdal@stryn.kommune.no

 

Vi ber om merknader innan 21. januar 2019.
 

Send merknadane skriftleg på e-post firmapost-vest@vegvesen.no
eller i posten til Statens vegvesen Region vest, pb 43, 6861 Leikanger. 
Merk e-post og/eller brev med E39 Byrkjelo – Grodås.


Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om planarbeidet, kan du også kontakte Ellen Njøs Slinde på telefon
57 65 57 95 eller e-post ellen.slinde@vegvesen.no
 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-2 og 11-14. Planen
blir utarbeidd etter § 3-7.