Møteplass – helsefremmande dialog mellom pårørande og fagfolk

Velkomen til Møteplass tysdag 1. februar 2022. Møteplass er eit likeverdig møte for gjensidig læring mellom pårørande til familiemedlemmer med psykiske utfordringar og fagfolk.

TID/STAD: Tysdag 1. februar kl. 17.30-20.30 – Eid Rådhus – Kantine 2. etasje
TEMA:
«Sorg – Når livet ikkje vart som forventa»
PÅMELDING til:
▪ Kristin Heimlid Øiestad– Tlf: 92 62 10 76
▪ LPP v/ Astrid Gytri – Tlf: 90 13 89 82 - E-post: lpp.sfj@lpp.no

MØTEPLASS er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørande sin situasjon er i fokus. Her møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.

MØTEPLASS blir drifta i eit samarbeid mellom LPP og
• helseføretak
• lærings- og meistringssenter
• kommunar
• brukarorganisasjonar, brukarstyrte senter eller andre lokale/regionale aktørar

Velkomen!

 

Tausheitsplikt

Deltakarar på Møteplass har gjensidig moralsk taushetsplikt mht alt av personleg karakter som blir delt. Møteplass er eit fortruleg rom der alt ein deler "forblir i rommet".

 

Informasjon finn du også på LPP sine nettsider