Tema 17. sept: «Covid-19 Kva konsekvensar har det hatt/ fått for deg som pårørande?»
Stad/ tid: Eid Rådhus, kantina i 2. etasje, frå kl. 17.30-20.30.
PÅMELDING til:
- Kristin Heimlid Øiestad tlf: 92 62 10 76. E-post: kristin.oiestad@stryn.kommune.no
- LPP v/ Astrid Gytri tlf: 90 13 89 82. E-post: lpp.sfj@lpp.no
MØTEPLASS er ein arena for eit likeverdig møte og gjensidig læring mellom pårørande og fagfolk, der pårørande sin situasjon er i fokus. Her møtast pårørande og fagfolk til ein likeverdig dialog om korleis det er å leve tett på familiemedlemmer med psykiske utfordringar, og korleis hjelpeapparatet fungerer innan det psykiske helsefeltet.
MØTEPLASS blir drifta i eit samarbeid mellom LPP og
• helseføretak
• lærings- og meistringssenter
• kommunar
• brukarorganisasjonar, brukarstyrte senter eller andre lokale/regionale aktørar
Velkomen!
Tausheitsplikt
Deltakarar på Møteplass har gjensidig moralsk taushetsplikt mht alt av personleg karakter som blir delt. Møteplass er eit fortruleg rom der alt ein deler "forblir i rommet".
Informasjon finn du også på LPP sine nettsider